Eg var i grunnen klar for å plukka fram sommarkleda, setja ut boblebadet, luka litt i hagen, kjenna grillukt frå bålpanna, men kva skjedde???

Eg velger meg april og kjøss meg bak liksom! Altså, eg er glad både i vinter og snø, men eg er så klar for sommar og nakne tær!!
Men her er det vist berre til å smørja seg med tolmod. Så medan vi venter, får dåke her eit innlegg frå den fine Påsketuren eg og kohorten min hadde til Skorpefjellet på Skjærtorsdag 🌞





Eg reknar med spørsmåla kjem så: Påskesokkane har eg strikka sjølv, medan mor har strikka gensaren 🌞🌞



Turen til Skorpefjellet er ikkje spesielt hard. Det går jamt og trutt oppover til ein kjem opp til garden og sauene. Før gjekk det både høner og kyr her og, men no er det slutt på det. Før ein byrja på opp inni skogen…


Turen vidare går i skog, litt oppover, litt bortover, faktisk litt nedover, og så oppover igjen…



Det er flott på toppen av Skorpefjellet på denne tida. Myggen har ikkje tatt over fjellet enda, og ein slepp plukka flått når ein kjem heim 😀






Eg har vurdert om eg skal ta sjansen på å vaska det og tova det litt saman, men det vil vera synd om det skulle bli øydelagt. Eg har difor fått tillatelse til å spara det som ein ekslusiv gevinst til neste Fest og Basar 😀👍




Vi kosa oss både vel og lenge på Skorpefjellet. Det var så godt å sitja å kjenna på at sola varma og vera saman utan å tenkja for mykje på korona og sprit. Eg trur nesten ingen av oss hadde lyst å bryta opp og byrja på heimturen att.


Men omsider måtte vi byrja å tusla nedatt frå fjellet. Det gjekk heilt fint, bortsett frå at vi ei stund var redd vi hadde mista Ann Irene og Per Ivar ein stad. Ekteparet, som har vore på Skorpefjellet utallige ganger, stod på toppen av eit berg og ana brått ikkje korleis dei skulle koma seg ned?? Dvs. dei kom seg ned mange ganger, men aldri der dei skulle! Per Ivar skraut veldig av kaffien deira på turen, og no byrja vi lura på om dei kunne ha hatt noko ekstra oppi den? 😉 Akkurat då eg var på veg til å gå tilbake og guida dei ned, fann dei utav det – dermed vart den Påskelabyrinten og løyst 😉

På veg over fjorden kom det ein snap i frå naboen som sat i solveggen og kosa seg. Då var det berre til å setja i frå seg sekken heime, tusla over bøen og…
