Meir Husnes 🌞 🌞 ðŸŒž

Trur ikkje det er ofte eg lagar innlegg frÃ¥ Husnes, men her kjem nummer to berre i Ã¥r 😀 For kvar har det vore finare dei siste vekene enn pÃ¥ Opsangervatnet? Det heiter vel kanskje Onarheimsvatnet – men er det nokon som seier det??

Okkesom, eg trur ikkje eg har tilbrakt meir tid på Husnes sidan Stian sin symjekarriere, enn eg har gjort dei siste vekene 🌞 Det har jo og med å gjera at sola framleis bruka litt tid med å bikka over Englafjell for å skina på Uskedalen. Foreløpig berre tergar ho, i allefall Dønhaugstølen, med å skina eit par timar på føremiddagen.

Eg har allereie laga innlegg frÃ¥ dagen eg stoppa etter jobb og gjekk tur til fots langs vatnet. Neste gang eg stoppa tok eg skia fatt…

Eg starta ved campingen og gjekk over til Jonas Lie holmen. Der fann eg eit fint skispor eg fylgte nesten til Podlen, før eg returnerte nærare land 🌞

Sist søndag tok eg med mor og far ein tur ut i sola 🌞 Fekk med oss broder Rune og svigerinne Monica og 😀

Obligatorisk stopp ved svanane på veg heim 😀

I går fekk eg med meg to veninner på skitur på vatnet. Denne gangen starta vi turen ved nausta i enden av vatnet og gjekk heile vatnet fram og tilbake 😀

BÃ¥nngass pÃ¥ bilbana – dette var sikkert kjekt 😀 Kø av bilar som ville prøva seg pÃ¥ isen 😀

Det er ikkje kvart Ã¥r det ligg is pÃ¥ vatnet som kan nyttast/nytast pÃ¥ dette viset. Og om det har gÃ¥tt an, sÃ¥ har eg aldri sett sÃ¥ mykje folk til fots, pÃ¥ skeiser, pÃ¥ ski, i bil, barnevogn etc. som i Ã¥r. For ikkje Ã¥ snakka om bÃ¥l – folk har kosa seg pÃ¥ kvar ein knaus 🌞🌞

Men no skal det vel snart koma eit veromslag, så då spørs det kor lenge vi får behalda isen for denne gang.

Har du enda ikkje tatt turen på isen på Opsangervatnet, anbefaler eg at du tar turen før det er for seint 🌞

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.