Skitur i Tveitedalen ❄️😀

Eg har vore på ski opp mot Ulvanåso nokre gonger i frå Utåkersida, men eg har faktisk aldri gått på ski i Tveitedalen. Dette var det på tide å gjera noko med, så då damene foreslo å leggje gårsdagens skitur dit, ja, då vart det slik…

At det kom til å bli kaldt, visste eg, men….

… at det skulle bli så kaldt???

Minus 12 grader, altså, ved Ternebu 🥶 Eg kraup nesten innunder dashbordet for å ta på skiskoa – måtte nytta varmen i bilen så lenge eg kunne 😉

Men skulle det bli skitur, måtte eg jo krypa fram og ut og få på skia.

Eg vart litt bange då eg byrja å frysa på fingrane allereie på veg ned fyrste bakke – og det til tross for at eg hadde tatt på tjukke, tova ullvottar!

Marit, derimot, var blid som ei sol, og brydde seg ikkje om det var litt kaldt 😀
Bortsett frå kulda, var det jo ein vakker og flott kveld 😀

Det var ei lukka at eg hadde tatt på fjellskia. Eg var rett og slett redd eg skulle frysa tærne av meg i skiskoa til løypeskia mine. Ikkje orka eg smøra skia heller – så eg gjekk på kortfeller. Når då skiløypa er temmeleg flat, må ein jobba litt for å koma seg på fram. Dermed gjekk det ikkje så lang tid før vi fekk varmen i oss, og dei 12 minusgradene vart gløymt 😀

Flott løype, snøkledde trer, kveldslys – Tveitedalen er skikkeleg Winter Wonderland 😀

Vi gjekk på venstresida inn mot brua. Sjølv om det var flott, er den delen av løypa nesten heilt flat, og dermed litt kjedeleg og einsformig. Men så snart ein sklir over brua, blir det eit anna terreng 😀

No går det både oppover, nedover og i svinger 😀

Eg likte meg best på denne sida 😀 Det er litt kjekkare når det er variasjon i terrenget. Sjølv om vi no er så gamle at vi kanskje burde halde oss til det flate terrenget og passa på lårhalsane våre 😉

Er det ikkje flott?

Marit, som hadde felleski for løype, var mykje kjappare i løypa enn Ann Irene og meg, som kom tuslande på fjellski. Heiv seg utfor nedoverbakkane som ein proff skiløpar – vi kom plogande etter.

Då vi ikkje hadde så langt igjen av runden, såg eg Marit på toppen av ein bakke. Eg byrja å gå etter, medan Ann Irene skar ut til venstre og utbraut

» Eg går her!»

» Kvifor det?» spurte eg.

«Eg står over den nedoverbakken på andre sida og går rundt»

«Hmmm… Kor ille kan det vera?» tenkte eg og gjekk etter Marit.

Vel, då eg kom på toppen såg eg Marit streva seg sidelengst ned bakken. Bakken var ikkje lang, men den gjekk jo nesten loddrett ned! Eg stod på skia og bøyde meg framover for å sjå enden av bakken – snudde tvert og sklei ned att på same side som eg kom opp – for så å slukøret ta same veg rund som Ann Irene 😉

Då eg kom rundt, såg eg at bakken såg litt brattare ut frå toppen enn frå botnen, så kanskje eg tør stå ned neste gang? Vi snakkar om ein nedoverbakke på 10-15 meter 😂😂

No var det ikkje lange vegen igjen på runden, og ingen skumle nedoverbakkar igjen…

… det passa Ann Irene bra 😀

Då var vi faktisk kome rundt heile lyskøypa. Eg er usikker på kor lang den er, men eg trur ikkje vi brukte all verda med tid på runden?

Vi bestemte oss for å gå litt tilbake og gå ein minirunde til…

…. for kven har lyst å køyra heim når det er så fint?

Ikkje Marit i allefall 😀 Eg måtte flira litt av kor grå ho vart i håret i løpet av kvelden😉
Eg er jo grå frå før, men vart ein anelse gråare eg og 😉

Då vi no nærma oss «mål» igjen, kjente eg at det det vart litt vanskeleg å blunka – augenvippane hang liksom fast. Eg måtte ta av vottane for å kjenna etter kva dette var for noko – og trur dåke ikkje det var frose isbitar i augnevippane??

Dette tok eg som eit teikn på at no fekk det vera nok skitur for denne kvelden 😀

Heldigvis var dei andre to damene og klar for å avslutta turen, så då takka vi kvarandre for ein fin og kjekk tur og pakka skia i bilane og køyrte heim att 😀

Ein skitur i Tveitedalen kan gjerne anbefalast. Eg skal heilt sikkert leggja skituren hit fleire gonger 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.