I går, laurdag, tok vi spretten på skisesongen i Fjellhaugen 😀 Skifylgjet mitt ville til Nesjastølsvatnet, for der hadde ho ikkje vore på ski tidlegare. Eg er jo ikkje vond og be, så då vart det slik 😀
Veret såg lovande ut då eg stod opp for å gjera meg klar. Litt skya, litt blå himmel og antydningar til sol 🌞 Men i det vi skulle køyra, snurpa skyene seg saman og det byrja å snøa. Det brydde vi oss ikkje om – vi kan jo ikkje la snø stoppa oss for å gå på ski!
Det var allereie mykje bil og folk i fjellet då vi kom opp, så det er tydeleg at folk er lei av å sitja inne. Ikkje snøa det heller, det var som på morgonen – litt skyer, blå himmel, antydninger til sol, og ikkje eit vindpust.
Skia kom på og vi la i veg mot Fagnabotnen. Eg var faktisk litt spent på om eg skulle koma fram – eg kan ikkje skryta på meg hverken arm- eller lårmusklar nett nu 😉
Men eg er ein racer på kortfeller, så eg synes ikkje det tok så lang tid før vi stod….

So far so good. Det såg ut som om dei fleste valgte å ta turen mot Nautavatnet denne dagen. Vi la i veg andre vegen – mot Nesjastølsvatnet.
Det var framleis ikkje eit vindpust i fjellet og føret var perfekt 😀 Vi var veldig nøgd med turen så langt.


Til å vera andre skituren min i år, og fyrste til skifylgjet mitt, synes eg vi klarte oss bra. Nokre få pausar tok vi, men det var for å fotografera og foreviga turen – i våre dagar er jo det nesten viktigare enn sjølve turen 😉
Vi staka oss igjennom Grønlia og tok fatt på bakken oppover mot Nesjastølsvatnet. Den er litt lang og dryg, men ikkje spesielt bratt. Bortsett frå siste innspurt – der må eg ut i fiskebein sjølv med kortfeller på. I tillegg rekk eg å tenkja tanken om korleis i alle dagar eg skal koma meg ned att 😉
No flatar det litt ut og kjem nokre små nedoverbakkar, før ein tar fatt på siste…

På veg opp her måtte vi rett og slett stoppa å ta ei fotopause til, for utsikta og fargane var så flotte!


Endeleg var vi «oppe»😀 No flatar det stort sett ut inntil ein stig opp mot Reikatindane. Den runden skulle ikkje vi ta i dag, no skulle vi berre gå litt til og finna oss ein plass å ta ei nistepause.


Det skulle visa seg å vera enklare sagt ein gjort – for utanfor løypa var det mjuk, djup snø. Vi prøvde å trakka flatt attmed ein stein, men måtte gje oss på tap. Vi enda oppmed å ta ein haug med bileter av skia våres før vi tok dei på att og labba tilbake på leit etter ny plass.
Oppå toppane er det litt meir avblåst og skare, så vi gjekk ikkje så langt før vi fann ein plass og stein vi kunne slengja rævene nedpå. 😀

Tru det eller ei, men sola, som hadde lurt bak skyene og på fjelltoppane rundt oss, kikka fram akkurat medan vi hadde pause 😀 Ikkje den heilt store varmen i ho enda, men gje ho eit par-tre veker til så blir det bra 😀




No var vi klare for å returnera same veg som vi kom opp. Eg stålsatte meg vel vitande om at no kom det stort sett til å gå på ned. Gjentok inni meg det eg har fått beskjed av Jorunn utallege gonger: «Bøy i knea, ut med rompa!»
Eg har faktisk kome så langt at når eg kjenner eg får tak på underlaget når eg må ploga og føler eg har nokonlunde kontroll på skia – ja, då likar eg nedoverbakkane 😀 Det var heilt utenkeleg for nokre sesongar sidan – då kunne eg jo trua med å sitja igjen på ein bakketopp til vårsmeltinga kom 😉
Men huhei – her kommer jeg – nedover gjekk det som det suste! Ja, akkurat sånn var det vel ikkje, men eg synes eg klarte meg bra 😀
Når vi kom til Fagnabotn, var eg allereie gåen i lårmusklane, men det var berre til å hiva seg utfor siste stykke ned mot parkeringsplassen 😀
Vel nede kjente eg turen godt i heile kroppen. Armane hadde fått kjørt seg på opp, og lårmusklane på ned 😀 Men dette betyr vel berre at turen gjorde meg godt?? 😉
Vi var strålande nøgde med skituren i går og nye turar er allereie under planleggjing 😀