Koseleg camp i Bondhusdalen – Del 1!

Det er ei stund sidan Jorunn, Magnhild og eg har campa i lag no – det fekk vi endeleg gjort noko med i helga 🙂 Tidlegare i veka vart vi einige om å campa på sandbankane ved Bondhusvatnet laurdag til søndag. Og slik vart det…

Vi hadde eit håp om at trafikken inni Bondhusdalen hadde roa seg litt no, men der tok vi kraftig feil…. Det var mykje folk – til og med kl.1600 når vi fann plass på parkeringsplassen. Leikvollane hadde sykla inn til vatnet, Magnhild og eg heiv sekkane på ryggen og byrja å gå. Dess meir folk vi såg, dess meir nervøse vart vi. Vi skulle nemleg ro over vatnet i «Instabåten» og det byrja gå opp for oss at vi kom til å få eit lite publikum….

Eit ynda fotomotiv dei siste åra – i fjor og i år har det tatt heilt av!

Heldigvis hadde Svein Vidar gløymt nøkkelen til hengelåsen i bilen og måtte henta den samstundes som han henta sekken med ved.  Då gjekk det enda litt tid – og litt fleire forsvann på veg heimover, slik at det minka litt på folkemengda 🙂

Det er ikkje måte på kven som finn vegen inn Bondhusdalen – til og med tibetanske (?) munkar var på plassen når vi kom inn.

Eg er litt usikker på kven han her bad til, men inni mitt houvudet messa det: «Kjære Gud, ikkje la dette bli eit Youtube augneblink, ikkje la dette bli eit Youtube augneblink!»

Båten måtte ausast fyrst – då forsvann enda litt meir folk. Så måtte Svein Vidar stå og halda litt på båten slik at alle fekk gjort seg ferdig med fotograferinga (det er visst viktig at båten er med på bileta), men så var det inga bønn…

….vi måtte få alt pikkpakket og oss sjølve i båten. Sa eg kor mange vi var? 3 damer og ein mann med nok utstyr til det dobbelte…(Etter gjennomlesing ser eg at den siste setninga kom ut aldeles feil!!!)

Eg hadde mine tvil om at båten kom til å flyta med alt som skulle oppi – og sørgja sjølvsagt for å gå ombord sist – fullt klar over at det då kunne vera eg som vart tunga på vektskåla…

Men, hurra, hurra, båten haldt både mann og mus….

….og no fekk vi ein fin rotur langs land…

….over til sandbankane 🙂 Dette hadde jo gått heilt strålande – og du verden så kjekt å sleppa å gå på beina rundt vatnet!

Vi fann kjapt plassen vi ville campa på – der var det plass til alle hengekøyene. Men fyrst no turde Jorunn ymta frampå at ho kun hadde tatt med telt! Magnhild og eg såg på kvarandre: «Kun telt???» Eg hadde jo og telt med – i bilen! Pyttsann, må vel vedgå at eg ikkje var så overraska 🙂 Jorunn gjekk dermed i gang med å setja opp teltet sitt, dvs. kanskje det var Svein Vidar? Magnhild og eg…

…fekk hengt opp køyene våre 🙂 Eg gledde meg stort til å ta i bruk den nye, fluffy, soveposen min med T-limit -18 grader 🙂

Svein Vidar sa hadet og la i veg mot hytta i Fynderdalen, medan damen laga camp. Magnhild gjorde eit forsøk på å tenna bål, men vart brått vekke….

….og vi fann ho igjen i vannkanten med ei fiskestang…

….då måtte beint fram A. Enæs ta over stafettpinnen, og med hjelp av litt toalettpapir og spikking av vedpinnar….

….var jo ikkje det noko problem 😉

Så kauka jammen meg fiskaren….

…..som hadde fått kjempefangst 🙂 Heilt tilfeldig plassering av fingrar på dette biletet, altså….

Camp Koseleg – ser det ikkje koseleg ut?

Jorunn var i gang med matlaginga. Vi skulle ha tagliatelle med soppsaus iblanda bacon. Ei stund spøkte det for heile middagen, og eg var redd eg måtte gå svolten til sengs medan dei to andre gnog på kvar sin ende av fangsten til Magnhild. I utgangspunktet hadde eg vore heilt overgitt over kor mykje tagliatelle Jorunn drog opp at sekken sin – 3 posar! «3 posar tagliatelle, Jorunn?» Og eg trudde det var eg som overdreiv pakkinga.. Det vi burde hatt med oss, men som ingen hadde tenkt på, var gryteklutar! For når Magnhild skulle «sila» vatnet av tagliatellen, havna alt i sanden på sandbankane! Sidan vi visste vi hadde meir å ta av, var jo ikkje det noko krise – så vi lo godt av dette 🙂 Neste pakke med tagliatelle vart kokt, og no var det Jorunn sin tur til å «sila» av vatnet….

….og brått låg det to pakkar ferdigkokt tagliatelle her!

No lo vi enda meir – helt til det gjekk opp for oss at eg var nestemann – og vi hadde berre ein pakke igjen! Eg var svolten, så dette tok eg ikkje sjansen på: «Ha tagliatellen rett i soppsausen og kok den der!»

Så då vart det heldigvis ikkje fisk til middag! Tagliatelle med soppsaus iblanda bacon og sjølvplukka sopp!! Mmmmmm…

….bringebær og bjørnebær frå Magnhild sin hage m/krem til dessert 🙂

No kosa Hufsetufsa seg 🙂

Dåke legg kanskje merke til at vi ikkje var aleina om å campa her? Det var 4 campar på sandbankane denne kvelden/natta. I tillegg kom det nokon med hovudlykter og slo opp ein camp litt lenger borte etter mørkets frambrudd.

Det var jo ein nydeleg kveld 🙂

God mat og god drikke i frisk luft – ein blir jo litt segen og trøyt…

…..men vi prøvde å halda ut så lenge vi kunne rundt bålet.

Jorunn hadde sett den fyrste episode av «Med Monsen på villspor», så det vart ein del referansar til: «Slik gjorde Monsen det. Jon Almaas gjorde det slik. Ååå, no hadde Monsen vore stolt av oss» Vi kjenner jo hverken den eine eller andre av dei, likevel har vi visst ein trang til å gjera dei stolte av oss 🙂 Og vi samanliknar oss jo sjølvsagt kun med dei beste. Vi planlegg dessutan å gå i deira fotspor og laga vår eigen TVserie: «Med mensen på villspor!» 😉 Der og då var vi heilt sikre på at vi hadde fått skryt over prestasjonane våres. Vi var ikkje like sikre dagen derpå…

Jorunn kapitulerte fyrst, og kraup inn i teltet sitt. Magnhild og eg haldt ut litt til, men ikkje så lenge. Hverken Jorunn eller mi si vermelding meldte regn i laupet av natta – slik Magnhild si vermelding gjorde. Vi stolte på Jorunn og mi si, og på vår erfaring: «Det er jo stjerneklart – klart det ikkje kjem regn!». Så til tross for at vi hadde med oss tre forholdsvis store tarpar – nøyde vi oss med å bruka ein. Det hang vi jo då IKKJE over hengekøyene, men laga ein bakvegg slik av vi hang i le for ein kald vind som kom ned langs elva bak oss. Ein lite flik av tarpen fekk vi over oss slik at den dekka hovuda våres. 

Og så kraup eg godt ned i den nye soveposen og håpa på ei god natts søvn 🙂

Korleis natta og søndagen gjekk kan du lesa om i del 2 av Koseleg camp i Bondhusdalen – som kjem ein av dei næraste dagane 🙂

 

 

 

 

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.