God Nytt År!!

10258911_10153302922706430_5285670855296662548_n

Ja, då var det gjort – 2015 er ferdig og 2016 er i gang..Nytt år, nye moglegheitar! For min del treng ikkje dette året bli verken betre eller verre enn det forrige, eg har det stort sett bra og har ikkje så mykje å klaga over 🙂 Men det kjem nok til å bli eit spanande år, men diverse endringar – om det blir til det betre eller verre, ja, det vil no visa seg 🙂

Etter å ha vore permittert i frå jobben sidan midten av september 2015, så må ein av endringane i 2016 vera å koma seg i jobb igjen – dess før dess betre. Om det blir tilbake i gamal jobb eller om eg må finna på noko heilt nytt – ja, det er ikkje godt å seia enda. Om nokon har noko ide eller forslag til kva eg kan ta meg til så må dei berre gje meg ein lyd 🙂

Så må vi nok belaga oss på å flytta i laupet av 2016. Kortid og korhen er og foreløpig i det blå, men det ordnar seg nok det og 🙂 Uansett – det blir ei spanande endring for oss det og.

Guten er ferdig med læretida si til sommaren, så det mest spanande i år er korleis det går med fagprøve og utsiktene for fast jobb etterpå. Eg kryssar fingrane for at det skal går bra 🙂

Det blir vel andre endringar i laupet av året og – vi får ta det etterkvart som det kjem 🙂

DSC_0263

Eg er i allefall klar for eit nytt år, så: BRING IT ON 2016!!!

1 Comments

  1. Eg gler meg ihvertfall til å få dels både fjellturer og skiturer saman med deg og di hine pigene ☺ så ja bring it on 👑

    Likar

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.